Førjulsrunde
Foto: Kjersti Aas Pugerud.
Det dreg seg mot jul, men me rekk ein liten runde til her på vestlandet før Sølvgutane syng jula inn.
Det startar med Orbo’s 4th Annual Christmas Extravaganza. Dette er eit sabba lag med mange flotte artistar som Orbo-folka samlar i førjulstida kvart år. Det er trangt på scena denne kvelden og me er glade for å få lov å vere med på dette. Tid og stad er Madam Felle, Bergen på torsdag 17. desember. Bilettar er å få kjøpt på Billettservice. Vær kjappe, desse brukar å forsvinne kjapt.
Dagen etter skal me til Voss på førjolsfest for å teste Ungdomshallen som festlokale.
Det var i ”Halli” vossingane først møtte rocken i levande live. Det var her swingen fekk fotfeste utover på 50-talet, og det var her Rocke-Pelle frå Bergen i 1960 skuffa Elvis-fansen, og blas trekkspelarar og swingorkester av scena. Me skal halde tradisjonen i hevd men lovar hardt å ikkje skuffe Elvis-fansen.
På laurdag 19. desember går turen til downtown Lofthus for å besøke Ekspedisjonen Skjenkestove. Der er stemninga alltid god, folka blide og ølet godt. Ein fin plass å avslutte ein aldri så liten runde her heime. Moro om me kjem til å treffe på nokon av deko der ute. Om ikkje så får det ha ei fin jul alle saman.

