
Ei fabelaktig helg på Rudi Gard er over. Takk til alle på Rudi, alle gudbrandsdøler og mossingar som kom innom for å få med seg Twang Gang og Sverre Faaberg si tolking av Jonny Cash sin musikk.
Har nokon eit godt bilete frå denne konserten/dansen, og kunne tenka seg å dela det med oss, kan de senda det til denne e-postadressa bjorne@twanggang.no

Å skriva på engelsk var ikkje like lett som me trudde. Bygdagutane fekk total skrivesperre, og oppdatering av nyhendesida vår gjekk fullstendig i lås. Me lovar no bot og betring.
Menyane til høgre vil vera på engelsk ei stund til. Det same gjeld informasjon om bandet etc. Det er først og fremst her på nyhendesida at oppdateringane vil vera på norsk framover.
Har du innspel er det berre å fyra laus med å klikka på ”Comments” under.